Fokuset er lagt på offshore petroleumsinnretningar, men rapporten har òg sideblikk til andre typar installasjonar, slik som havvindmøller.
Noreg og andre land er bundne av internasjonale avtalar som mellom anna krev meir eller mindre fullstendig opprydding etter petroleumsverksemd til havs, nektar dumping av petroleums innretningar i havet eller delar av innretningar i land utan tilstrekkeleg avfallshandteringssystem
og set grenser for transport av farleg avfall og transport av avfall over landegrenser.
Desse er viktige for den heilskaplege forståinga av korleis regelverket påverkar graden av sirkularitet i avslutningsprosessar.
Ein del andre land har ein meir moden petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen enn Noreg. Deira erfaringar er spegla i dei nasjonale regelsetta som er relevante for avslutning av petroleumsverksemd. Ved å samanlikne ulike lands regelverk kan ein oppnå læring på tvers av landegrenser og slik betre forståinga for korleis regelverket bør vere utforma for å oppnå auka grad av sirkularitet ved avslutning av petroleumsverksemd.
Rapporten ser difor på korleis Storbritannia, Australia og Nederland har utforma sine regelverk for avslutning av petroleumsverksemd og kva insentiv til sirkularitet som finst i regelverket i desse landa. Det er
verd å merke seg at EU og Noreg har strategiar for sirkulær økonomi, men det finst få konkrete krav til sirkularitet i petroleumsregelverket.