Hopp til innhold

Det kan se ut som du har skrudd av JavaScript i nettleseren din. Vi har prøvd å tilpasse siden for bruk uten JavaScript, men det vil dessverre resultere i noe redusert funksjonalitet

Konferanse: Fisk og havvind

Korleis får me til sameksistens og synergiar mellom havvind og fiskeri? Velkommen til konferanse på Gardermoen, Radisson Blu Airport Hotel, 6.-7. juni.

Regjeringa har nå lyst ut dei fyrste areala for utbygging av havvind i norske havområde. Målsettinga er å bygge ut meir fornybar energi og skape arbeidsplassar og industriutvikling.

Samtidig er det ei grunnleggande føresetnad at dette ikkje skal øydelegga for fiskerinæringa eller for fiskeribestandar.

Dette er bakgrunnen for at dei 3 organisasjonane i fjor starta eit samarbeid om å utvikle prinsipp og retningsliner, som kan sikra at både fiskeri og havvind skal kunna driva næringsverksemd i havet.

Arbeidsgruppa sine tilrådingar vert lagt fram i seminaret. I tillegg presenterer NVE sine forslag til nye område for utbygging av havvind. Erfaringar med havvind og fiskeri frå andre land vert og presentert.

Seminaret er gratis og ope for alle, men deltakarane betalar overnatting og dagpakke.

Me har halde av rom på Radisson Blu Airport Hotel Gardermoen.

NB! Reserver rom før 3. mai for å være garantert rom.

For å få vår spesialpris, bruk bookingkode NORR0606 (legges inn i feltet Valgte priser - Tilbudskode). Rom bookes på hotellets hjemmeside.

Programmet finn du her

Påmeldingsfrist: 23. mai

Påmelding: Fisk og havvind 2023 (provisoevent.no)